Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. 

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. 

Kor er bustøttekontoret i kommunen?

Lom kommune, økonomikontoret, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom.  

Sjekk om du kan få bustøtte

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Lenke til husbanken sine nettsider

 

Søk bustøtte

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Slik søker du bustøtte

 

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. 

Her melder du endringar

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.

Her kan du klaga

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. 

 

Regelverk

Kontakt

Trude Slettom
Økonomisekretær
Mobil 481 65 536