Skatteoppkrevjaren for Ottadalen

Kontonummer for innbetaling av skatt: 6345.07.05154

KID-generator for å lage gyldig KID-nummer ved innbetaling av skatt

Bestill skatteattest

Skal du som person eller bedrift ordne med skatten?

Skatteoppkrevjaren for Vågå, Lom og Skjåk har kontor på kommunehuset i Vågå, tlf 61 29 36 55. 

Ved elektronisk betaling må alltid KID-nummer nyttast. Personlege skattytatarar skal nytte 11-sifra fødselsnummer i feltet for løpenummer, medan næringsdrivande skal nytte organisasjonsnummer med to nullar framfor slik at løpenummerfeltet blir totalt 11 siffer.

Arbeidsoppgåvene til skatteoppkrevjaren:


• Innkrevjing av skatt, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift
• Føring av kommunen sin skatterekneskap
• Skatteavrekning av alle forskots- og etterskotspliktige skatteytarar
• Årsavrekning av arbeidsgjevaravgift
• Skatteattest
• Informasjon til og kontroll av arbeidsgjevar
• Rettleiing og informasjon om regelverket vedk utrekning, oppgjer og innberetning av skattetrekk og arbeidsgjevaravgift
• Kontrollen av arbeidsgjevarane blir utført av AKNG (Arbeidsgjevarkontrollen i Nord-Gudbrandsdal)
 

Arbeidsgjevarkontrollen (AKNG) er felles for Vågå, Lom, Skjåk, Sel, Dovre og Lesja. AKNG utfører stadlege kontrollar hos arbeidsgjevarar med heimel i Skattebetalingslova. I tillegg er informasjon om regelverket på lønsområdet ein viktig del av arbeidsoppgåvene.