Vedtekter

Gjeldande frå: 01.01.2016

1. Målsetting:

Barnehagane i Lom skal hjelpe barna til ei god utvikling i samsvar med føresetnadene til den einskilde. Barna skal gjennom leik og samvær få trening i samarbeid. Dei skal også lære å ta omsyn til og ha ansvar for kvarandre og utvikle respekt og toleranse for andre menneske.

 

2. Eigarforhold, ansvar og styringsverk:

Kommunen er eigar av barnehagane, og har ansvar for at dei blir drive i samsvar med Lov om barnehagar og dei føresegner, forskrifter og vedtak som til kvar tid er gjeldande.

Kommunen har ansvar for planlegging, drift og tilsyn av barnehagane.

Barnehagane i Lom har samarbeidsutval slik det står i barnehagelova. Dette består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagane, slik at kvar gruppe er likt representert. Kommunen som eigar vel ein kommunal representant med vara til samarbeidsutvalet (representasjonen følgjer kommunevalsperioden). Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.

Kvar av barnehagane har Foreldreråd som består av alle foreldre/føresette i barnehagen. Dette skal fremme fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Barnehageeigar skal sørgje for at viktige saker blir lagt fram for samarbeidsutvalet og foreldrerådet.

 

3. Opningstider:

  • 3.1    Barnehageåret startar likt med skuleåret. 
  • 3.2    Alle barn skal ha 3 veker samanhengande ferie i skulen sin ferie.
  • 3.3    Barnehagane er stengde julekvelden, nyttårskvelden, romjula, påskeveka og vekene 29, 30 og 31. 
  • 3.4    Barnehagetilbodet er 3 dagar, 4 dagar eller 5 dagar. 
  • 3.5    Barnehagane opnar kl.07.00 og stenger kl. 16.30. Innmeldte behov for utvida opningstid skal etter hovudopptak vurderast, og eventuelt takast opp som budsjettjusteringssak. 
  • 3.6    Føresette har høve til å kjøpe einskilddagar i tilegg dersom det er ledig plass på avdelinga.
  • 3.7    Barnehagane er stengde 6 planleggingsdagar i året.

 

4. Betaling:

Kommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år. Foreldre skal likevel ikkje betale meir enn makssatsen, fastsett i statsbudsjettet.

Foreldrebetalinga blir innkravd kvar månad i samsvar med den tid barnet etter opptaket skal vere i barnehagen. Ved lengre sjukefråvær kan kommunen ettergje betalinga for den tida barnet ikkje var i barnehagen. Føresette kan på grunn av låg inntekt eller andre årsaker få friplass for barnet/barna sine. Ein søknad om friplass må vere grunngjeven og blir avgjort av sosialavdelinga. Utgiftene blir dekt over sosialavdelinga sitt budsjett.

Barnehageprisane skal stå på søknadsskjemaet og på kommunen sine heimesider.

Føresette betaler for 11 månader, 5 månader om hausten og 6 månader om våren. Det året barnet startar i barnehagen betaler føresette for halv månad i august.

Foreldre/føresette som tek ut ungane ein månad ekstra  i tilknyting til sommarferien, får betalingsfri den ekstra månaden

Betaling for mjølk, frukt og evt annan mat kjem på rekning saman med opphald.

Moderasjonsordningar:  

(jf forskrift om foreldrebetaling i barnehagar)

1.    Foreldre med meir enn eitt barn i barnehagen, får reduksjon i foreldrebetalinga. Reduksjonen for det andre barnet er 30%, og for det tredje barnet og oppover er det 50%. 

2.    Ingen foreldre skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Dersom foreldrebetalinga utgjer meir enn 6%, kan foreldre søkje om redusert foreldrebetaling. Sjølvmelding skal leggast ved søknaden. Søknad gjeld for eitt år om gongen. 

3.    Alle 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis kjernetid. Inntektsgrensa blir fastsett i årleg statsbudsjett. Ordninga gjeld uavhengig av deltids- eller heiltidsplass. Ved søknad om gratis kjernetid skal sjølvmelding leggast ved søknaden som gjeld for eitt år om gongen. 

 

5. Opptak:

Det skal søkjast om opptak på elektronisk skjema på  www.lom.kommune.no 

Hovudopptak gjeld oppstart nytt barnehageår, og plassar blir lyst ut i januar med søknadsfrist 15.februar. Hovudopptak skal vere ferdig med melding om plass før 1.mai. Rett til barnehageplass er lovfesta frå 2009. Det vil seie at barn har rett på plass i barnehage i kommunen dei bur i ved hovudopptaket. Barn som fyller 1 år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august, jfr Barnehagelova § 12a. 

Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.

Oppseiingstida er ein månad. Det blir kravd betaling for endring og oppseiing av barnehageplass rekna i heile månader. 

Eit barn som har plass i barnehagen, har plassen ut juli det året det skal starte på skulen dersom føresette ynskjer det. Det må takast ut 3 veker samanhengande ferie før 1.august det året barnet skal starte på skulen

Barn med spesielle behov får plass fyrst, jfr Barnehagelova § 13. Det må til ei skriftleg tilråding frå PP-tenesta, helsetenesta og/eller sosialetaten. Etter barn med spesielle behov, blir minoritetsspråklege barn prioritert. 

Dersom det er for mange søkjarar til ein av barnehagane, får barnet tilbod om plass i ein annan barnehage. Opptaksmyndigheit; administrasjonssjefen etter delegasjon frå kommunestyret, avgjer korleis plassane skal fordelast. Geografisk avstand og praktiske omsyn vil bli vektlagt. Så langt råd vil søsken få plass i same barnehage. Elles blir prioritering gjort etter alder.

 

6. Areal:

Ved fastsetjing av arealutnytting i barnehagane byggjer ein på dei rettleiande normene som departementet har gjeve for leike- og opphaldsareala (jfr Rundskriv Q- 0902 §12). Rettleiande norm for innearealet er 4m2 netto pr barn over tre år, og om lag 1/3 m eir pr barn under tre år.

Kontakt

Ragnhild Vestad
Leiar barnehagane i Lom
Mobil 404 48 551
Mari Weldingh
Styrar Garmo barnehage
Mobil 976 21 643