Skulefritidsordninga

På skulefritidsordninga (SFO) har vi hovudvekt på uorganisert leik under vakse tilsyn.

Det er vanskeleg å ha mykje styrte aktivitetar, da borna kjem og blir henta til ulike tider. Vi fokuserer difor på at borna skal få velje sjølve innanfor avgrensa aktivitetar. Dei kan teikne, spela spel, lesa bøker, byggje lego, leike eller vera ute.
Bortsett frå onsdagen, er fredag etter skulen den lengste samanhengjande SFO-bolken.  Desse dagane vil det ofte vera lagt opp til meir organiserte aktivetar som turar og/eller matlaging.

Opplæringslova § 13-7 pålegg alle kommunar å ha ei skulefritidsordning for boirn på 1.-4.steg. Lovteksta seier lite om kva innhald og kva slags kvalitet det skal vere på tilbodet, men det er presisert at det skal gje borna både omsorg og tilsyn.

Kontakt

Anita Hølmo
Rektor Loar skule
Mobil 481 57 063
Erling Bjørn Fossen
Loar skule
Herdis Kvamme Repp
Rådgjevar oppvekst
Mobil 976 67 744