Reguleringsplan for Lom Motell og Camping
Kommunestyret vedtok i møte 31.03.2004 privat forslag tilreguleringsplan for Lom Motell og Camping. Planen omfattareigedommane gnr. 40, bnr. 6, 13 og 16. Planinnhald og prosess går fram av plankart, planføresegner og sakspapira.
Stordelen av arealet er regulert til kombinert byggeområde for asylmottak /turistverksemd. Bygd areal, BYA (dvs. bygningars grunnflate i % av tomtearealet),er sett til 13,5 %. På planen er det vist 3 større eksisterande bygg og eit mindre bygg utmed elva. Arealet ut mot elva er regulert til spesialområde friluftsliv og parkbelte.