Glad gjeng på kurs 1

Lom nasjonalparklandsby - kva er det?

I 2008 fekk Lom status som nasjonalparklandsby av daverande Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Prosjektet var eit nasjonalt pilotprosjekt under programmet "Naturen som verdiskaper" , der Lom er ein av fem tettstader som fekk statusen. Det nasjonale nettverket for nasjonalparklandsbyar består av Lom, Geilo, Jondal, Vingelen og Storslett nasjonalparklandsby. Lom har eit unikt utgangspunkt for å vere ein nasjonalparklandsby. Fossbergom er ein naturleg innfallsport til heile tre nasjonalparklar, kommunen har lange tradisjonar for å ta imot tilreisande og det finst eit variert tilbod innan overnatting, aktivitetar og mat.

Landsbyvakt
Landsbyvakt Egil Olav Nyrnes

Kva har skjedd så langt?

Prosjektet starta opp med eit forprosjekt, og var inne i ei prosjektfase i 2010-2014. Etter 2014 er ein inne i ei driftfase.
Dette er noko av det som har vorte gjennomført så langt:

Tilretteleggingstiltak:

  • Friområde m/ benker og bord og turstig ved Utleggsbrua
  • Tilrettelegging for fiske i Skim, i samarbeid med Skim grunneigarlag
  • Oppsett av leikehuset «Labyrinten» ved Kyrkjevollen
  • Tilrettelagte og merka turstiger lett tilgjengeleg frå Lom sentrum til lokalbefolkning og tilreisande
  • Tilrettelegging for badeplass ved Utleggbrua 
  • Tilsett landsbyvakt kvart år frå mai-september for å halde vedlike stignettet, blomar i sentrum m.m.

Informasjonstiltak: 

  • Utgitt Nasjonalparkmagasin i samarbeid med Fjuken
  • Bokpakke om nasjonalparkane og roll-ups til omkring 20 bedrifter i samarbeid med Lom folkebibliotek
  • Opptrykk og distribusjon av kartet «fotturar i Lom» kvart år, til gratis distribusjon på norsk, engelsk og tysk
  • Tre store og fem små informasjonstavler rundt om i sentrum knytt til Bergomsrunda og turstignettet (Norsk Fjellmuseum, Vassvaglen og Lomseggen AS).
  • "Kom til Lom" t-skjorter til tilsette i kommunen og i servicenæringa
  • Digitalisering av fotturrutar

Arrangement, vertskap- og kompetansetiltak m.m:

  • Innkjøp av landsbysyklar i samarbeid med Norsk Fjellmuseum
  • Oppsett av zip-line over Prestfossen i samarbeid med Aktiv i Lom
  • Vertskapskurs for ca. 40 tilsette frå servicenæringa, i samarbeid med fleire
  • Visningstur for servicenæringa
  • Utvikling av naturstigen «Rådyrtrakket» i Presthaugen, med dyr og brosjyrar
  • Landsbydag for å feire den internasjonale nasjonalparkdagen 24. mai
  • Medarrangør på julemarknad, handelshelg etc.
  • Landsbytrim m/post
  • Arrangert Innovasjon Norge kurset "Bli en bærekraftig bedrift"
  • Arrangert Innovasjon Norge kurset "Opplevelsesdesign"
  • Arrangert to BKA-kurs med støtte frå VOX
  • Arrangert kurs i digital marknadsføring

Implementering av den nye merkevara "Norges nasjonalparker":

I 2016-2017 skal heile nasjonalparklandsbyen få ny identitiet som ein del av den nye merkevarestrategien til Miljødirektoratet.
Dette inneber m.a.:

- Utbytting og revidering av åtte infomasjonstavlar i sentrum
- Tre ny vegskilt i innfallsårene til sentrum
- Reviderte fotturkart
- Nytt skilt på kommunehuset
- Ny video og ny bilder frå nasjonalparklandsbyen i tråd med ny profil

Den nye merkevarestrategien kan du sjå her: http://designmanual.norgesnasjonalparker.no/

Fossbergom
Skilting på Fossbergom

Prioriterte tema

Dei fem nasjonalparklandsbyane i Noreg satsar på sju ulike tema:

1. Intern forankring og erfaringsutveksling 
2. Overordna merkevarebygging (derav informasjon og marknadsføring)
3. Vertskapsrollen
4. Kompetanseheving born og unge
5. Miljø
6. Arrangement
7. Produktutvikling og infrastruktur

 

Tips ein ven Skriv ut