Illustrasjonsbilete frå Fossbergom med Lomseggen i bakgrunnen

Illustrasjonsbilete frå Fossbergom med Lomseggen i bakgrunnen

Lom kommune toppar Kommunal rapport sitt kommunebarometer

Lom til topps

I fjor var vi på fjerdeplass på lista, i år er vi best av alle dei 430 kommunane på kommunebarometeret til Kommunal rapport.
- Dette stadfestar at Lom kommune er ei utviklingsorientert kommune som har gode føresetnadar til å utvikle seg vidare som attraktiv arbeidsgjevar og tilflyttingskommune, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø i ein kommentar til plasseringa på toppen av lista.
Også administrasjonssjef Ola Helstad er svært glad for dette resultatet.
- Ei viktig årsak til dette er målretta arbeid over tid, kor brukar- og medarbeidarundersøkingar har vore ein viktig ingrediens, seier Helstad.

Systematisk arbeid med styringsinformasjon

- Nøkkeltala syner at Lom var ein av dei beste kommunane også i fjor, så ei topplasseing er ikkje noko slumpetreff, seier administrasjonssjef Ola Helstad i ein kommentar til Kommunal rapport. - Vi har jobba systematisk med styringsinformasjon i mange år. Organisasjonen har trent på å bli god på å nytte slike data, og vi tar inn over oss både gode og dårlige resultat, seier Helstad vidare i intervjuet i Kommunal rapport. Men gjennom det systematiske arbeidet med brukar- og medarbeidarundersøkingar har vi og kartlagt område kor vi må bli betre. - Både innan vatn og avlaup og sakshandsamingstid i barnevernet har vi identifisert utfordringar vi må ta tak i, seier Helstad.

God utvikling innan skule og pleie og omsorg

Lom kommune har dei siste to åra fått til kraftig forbetring både innan skulesektoren og innan pleie og omsorg. Kommunen gjer det godt på nesten alle område, og til saman gjev det oss topplasseringa i år.

Kommunebarometeret

Kvart år legg Kommunal rapport fram kommunebarometeret som er ei samanlikning av alle kommunane i Noreg, basert på over hundre ulike nøkkeltal frå Statistisk sentralbyrå. Her kan innbyggjarar, politikarar og tilsette i kommunane enkelt få ein oversikt over kvaliteten i kommunane.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut