Aud Sørhage orienterer i Utdanningsdirektoratet

Aud Sørhage orienterer i Utdanningsdirektoratet

Lom ungdomsskule i Utdanningsdirektoratet

Som ein av åtte kommunar i Oppland deltek Lom i den statlege satsinga Vurdering for læring. Sist tysdag var Aud Sørhage, lærar ved Lom ungdomsskule, i direktoratet og la fram eksempel frå klasserommet for 40 kommunar frå heile landet.

Oppland sin representant

Dei seks fylka som deltek i satsinga presenterte kvar sitt eksempel. Aud var Oppland sin representant. Ho hadde henta eksemplet sitt frå norskfaget, og det handla i hovudsak om korleis elevar kan involverast i eige vurderingsarbeid.

Kva betyr vurdering for læring?

Vurdering for læring betyr at lærarar skal legge vekt på å gje elevar frå heilt ned i 1.klasse systematiske attendemeldingar om kvar dei står fagleg og korleis dei kan kome vidare. Vurderinga skal altså innehalde læringsinformasjon og vere integrert i det daglege læringsarbeidet. Såleis er det ikkje lenger nok å skrive ”Godt arbeid” under eit elevarbeid. Det må kome fram kva som gjer at det er godt og kva som evt. må til for at det skal bli betre.

Klare og forståelege mål

Som ein naturleg del av denne tankegangen må både lærarar og elevar ha klart for seg kva som er målet med undervisningsøkta. Derfor er det ein viktig del av satsinga at elevar skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.

Ressurspersonar

Alle skulane i Lom er med i satsinga, og kvar skule har sin ressursperson. Aud Sørhage er ressursperson på ungdomsskulen. På barneskulane er Anne Sulheim (Loar) og Ingrid Valdvik (Garmo) ressurspersonar. Frå alle skulane blir det meldt om stort engasjement og vurderingspraksis som går i riktig retning. Med tanke på alt det positive som alt har skjedd, er det all grunn til å gle seg til sluttsamling og erfaringsdeling når satsinga ved årsslutt er ved vegs ende.
Tips ein ven Skriv ut