Lom ungdomsskule med Lomseggen i bakgrunnen

Om Lom ungdomsskule

Lom ungdomsskule har 86 elevar delt på fem klasser. Skulen har auditorium, kantine og eit datarom med 30 maskinar. Utearealet er og svært bra med ballbinge, stort plenareal og mange trivelege sitjeplassar. Alt ligg derfor godt til rette for eit godt læringsmiljø.

GUIDE 2011-2012.pdf.


Elevar i djup konsentrasjon

8. og 9. klasse med svært gode resultat på nasjonale prøver.

8. klasse oppnådde 3,5 i snitt på dei nasjonale prøvene i lesing. Gjennomsnittet i landet er 3,0. Resultatet er det nest beste vi har hatt i 8. klasse. Det viser at leseopplæringa på barneskulen gjev resultat.
9. klasseingane oppnådde nesten sensasjonelt gode resultat med ein gjennomsnitt på 4,1. Landsgjennomsnittet her er på 3,5. Det er ein framgang på 0,3 poeng frå 8. klasse då resultatet var eit av det beste i landet. Heile 77% av elevane er på dei to høgste nivåa i lesing! Det er nesten 30% høgare enn landsgjennomsnittet.