Ordførar Bjarne opna dialogkonferansa

Ordførar Bjarne opna dialogkonferansa

Kvalitetsmeldinga for skulane i Lom vart presentert under dialogmøte:

Lomsskulen gjer det godt!

Kvalitetsmeldinga for lomsskulen 2017 var presentert på kommunestyret sitt årlege dialogmøte for oppvekst og kultur denne veka.  Det plar vere gode resultat i skulane i Lom, men det har aldri vore så gode resultat som i år. At Lom er på 11. plass på kommunebarometeret på grunnskule, i konkurranse med 426 kommunar, seier sitt! 

Galleri

Aud G. Sørhage fortalde - og utfordra!
Aud G. Sørhage fortalde - og utfordra!
Det vart tenkt og diskutert...
Det vart tenkt og diskutert...
Dialogkonferanse 2017
Dialogkonferanse 2017
God stemning og godt ordskifte hjå dei folkevalde!
God stemning og godt ordskifte hjå dei folkevalde!
Skule- og barnehageleiarar attende på skulebenken.
Skule- og barnehageleiarar attende på skulebenken.
Svanhild Lyngved og Karina Mandal i djup konsentrasjon
Svanhild Lyngved og Karina Mandal i djup konsentrasjon

Men sjølv om læringsresultat er aldri så viktig, er det enda viktigare at elevane har det bra. Derfor er det mest gledelege dette året at omtrent ingen elevar seier dei blir mobba.

Trass gode resultat, finst forbetringsområde. Resultata på nasjonale prøver  i 5.-7. skil seg negativt frå småskulesteget og ungdomssteget. Andre område skulane ynskjer å bli betre på er elevvurdering og elevdemokrati.

Etter dialogmøtet gjorde kommunestyret  mellom anna vedtak om at samarbeidet mellom barne- og ungdomsskulen skal utviklast vidare og at det skal bli eit meir systematisk samarbeid med barnehagen .

Kvalitetsmelding for Lomsskulen 2017 kan du lesa her(LENKE)

Tips ein ven Skriv ut