Elevane trivst med lærarane sine. Mobbing finst knapt. Snittkarakteren i eksamen norsk hovudmål er så høg som 4,3, og resultata på dei nasjonale prøvene er betre enn nokon gong. Dette er berre ein del av det som kjem fram i tilstandsrapporten 2011 for skulane i Lom.
Omfattande rapport
Vidare viser rapporten at spesialundervisninga har gått ned dei siste åra og at det er svært lite fråfall i vidaregåande blant elevar som har hatt grunnskuleopplæringa si i Lom.Positiv utvikling
Det knytte seg ekstra stor spenning til resultatet på nasjonale prøver i engelsk 5.klasse. På bakgrunn av dårleg resultat året før vart det sett i verk mange tiltak. Og resultatet let ikkje vente på seg. Lom hadde sist år få elevar på lågaste nivå samanlikna med landet elles. Årleg tilstandsrapport
Alle kommunar er pålagt ved lov å utarbeide ein årleg tilstandsrapport som skal leggast fram for kommunestyret. Rapporten for Lom omfattar både obligatoriske og sjølvvalde område.