Framside»Tenester til deg»Friviljugsentralen»"Lomsvenn"
Skjermbilde 2016-06-06 kl

Vil du vera ”Lomsvenn”?

Du kan hjelpe flyktningar til å bli kjent i Lom, byggje nettverk, og få gode opplevingar saman med andre lomverar. 

Kva er ein

Friviljuge som ynskjer å bli kjent med nye innbyggjarar, melder seg som ”Lomsvenn” på Friviljugsentralen.

  • Du vil bli kopla saman med ein einsleg eller ein familie.

  • Det blir lagt vekt på felles interesser og livssituasjon.

    Eksempel på ting å gjere saman:
    • gå på fritidsaktivitetar
    • sjå ein fotballkamp
    • lære å lage mat frå den andre sitt land • syne turområder i nærmiljøet osv.

    Det er behov for vaksne i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Tre punkt ca. 2 gongar pr. månad. 

Tips til deg som er

  • Snakk om kva forventninga de har til kvarandre, og kva de ynskjer å gjere saman. Det er lov å setje grenser for kva du kan bidra med.

  • I eire kulturar er synet på tid og avtaler annleis enn i Noreg. Det kan vere lurt å ha klare avtalar og forsikre seg om at begge partar har forstått kor og når aktiviteten skal vera.

  • Ordninga er 100 % friviljug, og kvar enkelt dekkjer eigne utgiftar. Det er positivt å gjere ting saman som kostar minst mogleg.

• Spør om det skal takas spesielle omsyn i høve til mat (nokon et t.d. ikkje svinekjøtt).

• Dersom det oppstår misforståingar eller utfordringar som er vanskelige å løyse, tar de kontakt med Frivil- jugsentralen.

Lykke til! 

Kontaktperson

Ella Hoel
leiar Friviljugsentralen tlf. 996 93 847 

ella.hoel@lom.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut