Lomverar på vertskapskurs

Glad gjeng på kurs 1
Tysdag 1. juni var det duka for vertskapskurs i Lom, og lomverane dei stilte opp! Det var Lom nasjonalparklandsby i samarbeid med Norsk Fjellmuseum og Jotunheimen Reiselivslag som skipa til kurset med tema: - God lokalkunnskap, grunnleggjande for godt vertskap.
I alt var 37 personar samla til vertskapskurs då tilsette i handel, service og turistnæringa var invitert til vertskapskurs på Norsk Fjellmuseum. Føremålet med eit slikt kurs var å gje dei frammøtte påfyll med lokalkunnskap, sidan det er dei som er i direkte kontakt med turistar og andre besøkjande til dagen. Fokus låg særleg på kva ein kan oppleva i og rundt Lom kommune, for å gje kursdeltakarane ein basiskunnskap i kva kommunen har å by på for besøkjande.
Article image
Foredrag i auditoriet
Sesongtilsette, heilårstilsette, leiarar og sommarvikarar var invitert. Dei frammøtte var stort sett var fastbuande i Lom, truleg vart det litt tidleg på sesongen for sesongtilsette og sommarvikarar. Me tek sikte på å få til eit kurs til i fyrste veka i juli , så for dei som ikkje fekk høve til å stille denne dagen vert det altså ein sjanse til utpå sommaren.

Article image
Konsentrert om gruppearbeid
Dei frammøtte fekk informasjon om Lom kommune generelt og nasjonalparklandsbyprosjektet, nasjonalparkane i kommunen, aktivitetar og tilbod i Lom, 10 vanlege spørsmål og nye prosjekt som tidsaksen og Klimapark 2469. Kurset vart avslutta med gruppearbeid og innspel frå deltakarane. Med seg heim fekk alle ein pins med påskrifta Lom nasjonalparklandsby vert , så ser du nokon med ein slik pins kan du forvente at vedkommande skal kunne svare på både eitt og hitt.

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 73 01
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932