Det gode vertskap på Fossheim

Det gode vertskap på Fossheim

Mange fornøgde Lomsvertar

Dette er tredje året at kurset «Bli ein Lomsvert» blir arrangert for tilsette i handel- og reiselivsnæringa i Lom. Årets utgåve var i regi av Lom nasjonalparklandsby og bedriftsnettverket rundt Klimaparken, og fekk mange gode attendemeldingar.

Kurset starta med to identiske teorikurs den 25. juni, anten frå kl. 9-13 eller frå kl. 17-21.
Tor Dahl frå Sandefjord, Hanne Lillebråten og Ove Nestvold var leigd inn som foredragshaldarar, og lærte villig bort kunnskap om god service, kundebehandling og meirsal. Alle fekk eit innblikk i lokalkunnskap som viktige attraksjonar, aktivitetar, overnatting- handel og mattilbod. 

Men det er ikkje nok lære – det er kanskje vel så viktig å få oppleve. Derfor kunne dei som ynskja det blir med på ein guida busstur og visningstur 6. juli. På vegen fekk dei sjå Juvasshytta, istunnelen i Klimaparken, Raubergstulen, klatreparken, Sognefjellshytta og  Norsk Fjellmuseum. I tillegg fekk Aktiv i Lom og Lom og Skjåk Adventure presenterte seg undervegs.

Totalt 34 personer deltok på teoridelen og totalt 25 personer deltok på visningsturen.  Aktiv i Lom, Brimibue og Klimaparken var blant dei som kom mannsterke med mange tilsette.  Alt i alt var det 17 bedrifter som var representert på kurset. Åshild M. Amundsen (Lom Kommune) og Magny Hilde (Klimanettverket) var tekniske arrangørar og sa seg godt fornøgd med gjennomføringa av kurset. Både vertskapskurs, visningstur , diplom og t-skjorte var gratis for deltakarane og opent for alle.

Alle som deltok på minimum vertskapskurset fekk ei «Kom til Lom» t-skjorte og ein diplom med tilgang til gratis aktivitetar i Lom. Sistnemnte er sponsa av bedriftsnettverket rundt Klimaparken, inklusiv Aktiv i Lom, Naturopplevingar, Lom og Skjåk Adventure, Juvasshytta, Raubergstulen, Klimaparken2469, Fossheim Hotell, Norsk Fjellmuseum.

Under kan du finne presentasjonane frå kurset – bruk dei gjerne, og gi ein lyd til ashild.amundsen@lom.kommune.no dersom du ser noko som er feil eller gløym

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut