Ein av dei yngste brukarane flankert av helsesystrene Stine Brenna (t.v.) og Liv Marie Øyjordet

Ein av dei yngste brukarane flankert av helsesystrene Stine Brenna (t.v.) og Liv Marie Øyjordet

Markering av 100-årsjubileum

Den første helsestasjonen i Noreg vart opna i 1911, og også på Lom Helsestasjon vart 100-årsfeiringa markert. Helsesystrene Liv Marie Øyjordet og Stine Brenna inviterte til open dag med kaffe og biteti.

Blant jubileumsgjestene var også ein av dei yngste brukarane, som fann seg godt til rette både på fanget til helsesyter og på golvet - der han hadde tilgang til ein del fargerike og freistande gjenstandar.

Helsing frå Lom helselag

Blant dei frammøtte gratulantane var også ein annan "100-åring"; Lom Helselag v/ Ella Hoel. Ella overrekte blomar og framheva at helsestasjonane og helsesøstrene har vore sentrale bidragsytarar til at norska barn i dag er blant dei friskaste i verda. - Helsestasjonane har arbeidd på ein måte som har gjeve nær full oppslutnad om vaksinasjonsprogram og amming, og dei har drive viktig kunnskapsformidling om barns behov, helse og utvikling sunt kosthald, sa Hoel i si tale til jubilanten.

Blomar frå kommuneleiinga

Også kommuneleiinga markerte jubileet med overrekking av blomar og såg fram til nye 100 år med ein helsestasjon i teneste for dei yngre blant innbyggarane vår. Småbarnskontrollen er kanskje det mest kjente opplegget, men helsesystrene gjer også eit viktig arbeid overfor dei større barna i kommunen.
Tips ein ven Skriv ut