Markering oppstart av Friluftsåret 2015 i Ottadalen

Ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom tek i mot utfordringa frå klima- og miljøminister Tine Sundtoft og utfordrar naboordførarane Iselin Jonassen i Vågå og Rolv Kristen Øygard  i Skjåk til å vera med å ligge ute natta mellom 13 og 14 januar. Elevar og lærarar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregående skule avd. Lom vert utfordra til å vera med. Reiselivsbedrifter, aktivitetsbedrifter og alle andre friluftsinteresserte vert og utfordra til å delta.

Sjølve overnattinga vil foregå utanfor Utgard i Lom, som forutan å være Lom`s storstugu også husar vidaregåande skule. Det vert lagt opp til nattprogram med foredrag om friluftsliv i Utgard frå kl 21 om kvelden. Servering av varm kveldsmat. Frå kl 6 på morgonen vert det servert felles frukost frå kantina i Utgard.

Med beste helsing
Bjarne Eiolf Holø
Ordførar Lom kommune

Tips ein ven Skriv ut