Bilde av elever som arbeider med troemne

Bilde av elever som arbeider med troemne

Materialkunnskap og trohogging på timeplanen

Fredag 21. februar hadde elevane ved klasse 1BA ved Nord- Gudbrandsdalen vidaregåande skule avd. Lom ein annerleis skuledag ved Lom bygdamuseum.

Under kyndig veiledning frå bygningsvernrådgjevar Håvard Syse og handverkar Nils Teigen fekk elevane innføring i å velja ut emne, samt felle og kviste tre på ein sikker måte. Med øks og teksler fekk dei deretter sjølv hogge ut emner til vasstrøer. Prosjektet er i regi av Gudbrandsdalsmusea og har som mål å auke formidling og kunnskap om den særeigne vatnings- og dyrkingskulturen i området.

Formidling av vatningskultur er ein svært sentral del av museet si verksemd og prosjektet er ein del av satsinga på dette temaet. Museet vil i samarbeid med Lom kommune sette i stand og utvikle vassvegen som tidlegare rann gjennom museumsområdet slik at ein kan syne fram korleis systemet var bygd opp og kan demonstrere dei gamle vatningsmåtane. Sjølve istandsettinga av vassvegen med hogging og utholing av emner til trolag, er eit undervisningsopplegg for 1BA på vidaregåande, med fokus på materialkunnskap og gamle handverksteknikkar.

Tips ein ven Skriv ut