Matombringing

Pleie og omsorg har tilbod om matombringing til heimebuande. Middagen er nedkjølt, vakumert og porsjonspakka. Dette er mat som brukaren sjølv må varme opp att.

Meir informasjon:

Lokale mattradisjonar blir vektlagt.
Kjøkenet har mikrobølgeomnar som dei låner ut, om det er nokon som har behov for det.
Friviljugsentralen har ansvaret for å organisere utkøyring av maten.
Dersom du ikkje skal vera heime når maten skal køyrast ut, må du varsle om dette til kjøkenet seinast 2 dagar før utkøyring. Dersom ikkje må du likevel betale for maten.
  • Målgruppe for tenesta

    • Heimebuande eldre og funksjonshemma som har problem med å lage middag sjølv.
  • Slik får du tenesta

    • Du kan bestille middag gjennom friviljugsentralen eller direkte frå kjøkenet ved Lom helseheim.
  • Pris

    • Kr 70,- for to rettars middag som inneheld middag og suppe eller desert.
    • Prisen er den same som i kantina på Lom helseheim.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg, telefon 61 21 72 25
    • Kjøkenet, telefon 61 21 72 33
    • Friviljugsentralen, telefon 61 21 19 88
  • Kontakt e-post

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933