Framside/Tenester til deg/Omsorgstenester/Matombringing

Matombringing

Pleie og omsorg har tilbod om matombringing til heimebuande. Middagen er nedkjølt, vakumert og porsjonspakka. Dette er mat som brukaren sjølv må varme opp att.

Meir informasjon:

Lokale mattradisjonar blir vektlagt. Friviljugsentralen har ansvaret for å organisere utkøyring av maten. Dersom du ikkje skal vera heime når maten skal køyrast ut, må du varsle om dette til kjøkenet seinast 2 dagar før utkøyring. Dersom ikkje må du likevel betale for maten.

  • Målgruppe for tenesta

    • Heimebuande eldre og funksjonshemma som har problem med å lage middag sjølv.
  • Slik får du tenesta

    • Du kan bestille middag gjennom friviljugsentralen eller direkte frå kjøkenet ved Lom helseheim.
  • Pris

    • Middag kr 80,-.
    • Prisen er den same som i kantina på Lom helseheim.
  • Kontakt

    • Kjøkenet, telefon 90 72 01 83.
    • Friviljugsentralen, telefon 61 21 19 88.
  • Kontakt e-post

    • toro.vaagaasaroygard@lom.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut