Prosjektgruppa matematikk

Prosjektgruppa matematikk

Mattelyst

Dei neste tre åra skal tilsette i skulane og barnehagane i Lom heve kompetansen sin i matematikk. Ansvarleg for det faglege opplegget er matematikksenteret ved NTNU. Skulane har hatt si fyrste prosjektsamling, og mange lærarar ser nå fram til å kome i gang med matematikk etter at dei i fleire år har hatt lesing som satsingsområde.

 

Blid prosjektgruppe ved Garmo skule, Ingrid Iversen Kolden, Jon Olav Kolden og Beret Slåen Åsheim, har lykkast i å brette likesida trekant med eit A4-ark som einaste hjelpemiddel.  

 

Matematikk er moro

Det er sagt og skrive mykje om at det ikkje står så bra til med matematikken  blant norske elevar. Kanskje har det noko med haldninga til faget å gjere? For  matematikk er så mykje meir enn det mange av oss trur.  Det er nesten ikkje grenser for kor mange spennande og lærerike aktivitetar det er rom for i matematikkfaget, som t.d. å brette  ein likesida trekant av eit  A4-ark. Denne utfordringa fekk lærarane på oppstartsamlinga. Det var slett ikkje enkelt, men moro var det!

Regional satsing

Kommunane i norddalen har lang tradisjon i å samarbeide om kompetansetiltak i skule og barnehage. Også matematikksatsinga er eit regionalt samarbeidstiltak.  Administrative og økonomiske ressursar  blir på den måten godt utnytta, og det gjer det mogleg å få tak i dei beste fagmiljøa.Det er oppetta prosjektgrupper ved kvar av dei tre skulane og barnehagane. I tillegg er det oppretta nettverk mellom skulane i Lom og Skjåk. Såleis vil mange skular dele erfaringar og kompetanse.

Langsiktig mål

Det er eit nasjonalt mål å auka rekrutteringa til realfag.  Fokus på matematikk i barnehagen og betre matematikkopplæring i skulen er i så måte viktige tiltak.  Kanskje er det lov å håpe at ungane og ungdomane våre  utdannar seg til yrke som på sikt kjem næringslivet i Lom og heile regionen til nytte. Det kan trengjast.

 

Tips ein ven Skriv ut