Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26
post@lom.kommune.no
GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933
Kva er koordinerande eining for habilitering og rehabilitering?
Organisering
Koordinerande eining i Lom består av leiar og fire faste medlemmar i eit team som handsamar søknadar om habilitering/rehabilitering, individuell plan, koordinatortildeling, eventuelle saker som omhandlar kvalitetsutvikling på habiliterings- rehabiliteringsområdet og innspel til kommunale planar.Ut over det faste vedtaksteamet tiltrer internt tilsette og eksterne samarbeidspartar etter behov i einskildsaker der deira fagområde eller kompetanse er ynskjeleg for å belyse eit tema.
KE har ein fast leiar, som syt for innkalling til møter, referat og eventuelle saksutgreiingar. KE har primært oppgåver på systemnivå, men og på individnivå, i høve tildeling av tenester og igangsetjing av planarbeid.
Forvaltningsloven
Koordinerande eining si verksemd er underlagt reglane om sakshandsaming etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker og forvaltar retten til Individuell plan, rett til naudsynt helsehjelp, her rehabilitering, etter høvesvis Lov om helsetjenesten i kommunen og Pasientrettighetsloven m.v.KE's arbeid på systemnivå
- Pådrivarrolle i det praktiske kvalitetsutviklingsarbeidet
- Dialog med interne- og eksterne samarbeidspartar
- Ha ein oversikt over tiltak tilgjengelege i kommunen og i regionen og sjå til at planlagde prosessar vert sett i verk i god tid før tiltaka skal tre i kraft Intern erfaringsutveksling
- Oppfølging av kommunale planer etter konkret oppdrag
- Opplæring av individuelle koordinatorar
- Vera senter for erfaringsoverføring i komplekse saker
KE's arbeid på individnivå
- I dei fleste høve vil eit behov verte fanga opp i det einskilde tenesteområde, som vidare melder behovet til KE, som tildeler evt. rehabiliteringsplass eller tek initiativ til oppstart av individuell plan og eventuell ansvarsgruppe.
- I andre saker der det er behov langvarige koordinerte tenester vert ein individuell koordinator tildelt.
- I nokre einskilde høve - etter tilvising frå personleg koordinator eller dersom medlemmane i KE ser det som naudsynt – vert einskildsaker på individnivå teke inn for KE. Døme på slike saker kan vera:
- Saker som er store, omfemnande og ikkje har latt seg løyse gjennom trinn I og trinn II og i dialog med samarbeidspartnarar.
- Saker der det verker openbart at resultatet vil verte betre ved å bringe det opp på dette nivået - og kompetanseoverføring i seg sjølv er viktig for å få til ei løysning.
- Der det er tvil om kven som best kan belyse og handtere ei utfordring med tanke på saksbehandling, koordinering og tenesteyting.
Kven er målgruppa for KE?
- Brukarar og pårørande til brukarar som har behov for heilskapleg og koordinerte tenester over tid.
- Tenesteytarar frå ulike tenesteområde i Lom kommune som er i kontakt med brukarar som har behov for heilskaplege og koordinerte tenester.
- Tenesteytarar og samarbeidspartar utanfor Lom kommune, som er i kontakt med brukarar som har behov for heilskaplege og koordinerte tenester.
- Brukarar eller tenesteytarar som ynskjer at KE skal formidle innspel eller behov på rehabiliteringsområdet generelt inn til administrasjon og politisk leiing.
Korleis kjem ein i kontakt med KE?
Brukarar som mottek eller har behov for å få koordinert sine habilitering- eller rehabiliteringstenester vert oppmoda om å ta kontakt med KE anten direkte eller gjennom å be ein av sine tenesteytarar å hjelpe til med å fylle ut ein søknad.
Helsepersonell og tilsette i oppvekstsektoren har ei sjølvstendig plikt til å ta initiativ til at ein brukar med behov for koordinerte tenester vert gjort oppmerksam på sin rett til individuell plan og eventuelt ein koordinator i dette planarbeidet.
Tilvising til KE skjer anten gjennom at søknadsskjema for tenester frå helse- pleie og omsorg vert fylt ut og sendt inn til KE, eller ved direkte kontakt frå brukar, der vidare sakshandsaming vert initiert frå.
Det er lenke til søknadsskjema for tenester frå helse- og omsorgstenester i lenkeboksen til høgre på sida og det er lagt ut i papirformat i resepsjonen på Pleie- og omsorg.
Kvar finn ein KE?
Koordinerande eining har kontor i 1. etasje på Lom helseheim, på ergoterapikontoret, og leiar for KE kan treffast måndag, onsdag og fredag på telefon 61 21 72 35 og 906 99 053.Med ynskje om fruktbar samhandling – auka fokus på habilitering og rehabilitering – til beste for brukaren!