Framside/Tenester til deg/Natur, miljø og friluftsliv
Anne Lise Marstein deler ut diplom og måleriet «Hestbrepiggane» av Wilhelm Bjertnes til Espen Finstad.

Anne Lise Marstein deler ut diplom og måleriet «Hestbrepiggane» av Wilhelm Bjertnes til Espen Finstad.

Heider til klimaparkens far

Miljøprisen til Espen Finstad

Lom kommune sin miljøpris vart i går kveld utdelt til arkeolog Espen Finstad for sitt arbeide med Klimapark2469. Tildelinga gjekk føre seg på Norsk Fjellmuseum i samband med kommunestyremøtet. Anne Lise Marstein deler ut diplom og måleriet «Hestbrepiggane» av Wilhelm Bjertnes til prisvinnaren.

Frå varaordførar Anne Lise Marstein si grunngjeving for prisutdelinga

Med sitt store pågangsmot har Espen Finstad lukkast med sin idé. Han har engasjert eit nasjonalt nettverk innanfor forsking og vitenskap i ulike fagområde, og med stor handlingskraft og smittande engasjement har han fått med seg ei rekkje samarbeidspartar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Resultatet vekkjer begeistring og blir lagt merkje til over alt, og Klimaparken står no på dagsorden i mange ulike samanhengar både innanfor og utanfor landets grenser. Espen har også jobba målretta for å få arkeologiske funn attende til bygda, resultatet ser vi her på Norsk Fjellmuseum i dag.

Espen Finstad har med rette blitt kalla Klimaparkens far. På grunn av Espen sin innsats kan Lom i dag vise fram eit heilt unikt produkt, der klimaforsking i kombinasjon med lokale kulturmiljø er ei eineståande kjelde til opplevingar og kunnskapsformidling.

Tips ein ven Skriv ut