Edel Skau, Halldis Frisvold og Kjellaug Kolden fekk Elvesæterskeier for lang teneste i Lom kommune

Edel Skau, Halldis Frisvold og Kjellaug Kolden fekk Elvesæterskeier for lang teneste i Lom kommune unknown

Mimrestund for Vaktsentralen

Tysdag den 19. februar var alle tidlegare tilsette ved Vaktsentralen invitert til ei «mimrestund» på kommunestyresalen i Lom.

I alt 21 tidlegare tilsette var inviterte – av desse kom det 10. Frå Lom kommune møtte ordførar, administrasjonssjef og helse- og velferdssjef

Edel Skau, Halldis Frisvold og Kjellaug Kolden fekk Elvesæterskeier for lang teneste i Lom kommune

Til den spesielle hendinga var det bestilt ei stor marsipankake med motiv av den gamle Vaktsentralen i Presthaugen. Dei tidlegare tilsette fekk såleis høve til å vera med å «eta opp» Vaktsentralen, sjølv om den vart nedbrent for nokre år sidan.

Ein jobb med mykje ansvar

Tidlegare leiar av Vaktsentralen i Lom fortalde mykje om Vaktsentralen si historie – frå prosessen før etableringa i 1980 og om åra framover. Det vart også utveksla nokre historier frå spesielle hendingar opp gjennom åra. Det kom klart fram at å arbeide på Vaktsentralen var ein svært ansvarsfull jobb og at dei tilsette måtte takle stressande og tøffe situasjonar i samband med ulykker og tragiske hendingar. Den gongen var det ikkje noko fokus på debriefing slik som i dag, og dei tilsette var åleine på jobb både på dag, kveld og natt.

Elvesæter-skjeier til tilsette

Administrasjonssjefen delte ut dei tradisjonelle Elvesæter-skjeiene til tre av dei tilsette som var til stades; Kjellaug Kolden, Edel Skau og Halldis Frisvold. Tre andre som ikkje var til stades skulle også ha slike; Anna Bruland, Marit Gjeilo og Karen Bustad.

Regionalt samarbeid

Da Televerket automatiserte telefonsentralane i distriktet i 1980 vart Vaktsentralen for Nord-Gudbrandsdal etablert i Lom og lokalisert i Televerkets sentral i Presthaugen. Dette var da eit regionalt samarbeidsprosjekt der alle kommunane bidrog økonomisk til drifta. Vaktsentralen vart fysisk flytta frå Presthaugen til Midtgard hausten 2007. Frå 2008 overtok Lom kommune alt ansvaret for Vaktsentralen og tenestane vart da prisa for å kunne konkurrere på det frie markedet.

Viktig element i beredskapen

Vaktsentralen vart oppretta for å ta hand om ei rekkje viktige beredskapsmessige varslingsoppgåver som før hadde ligge på telefonsentralane; politi, lege, ambulanse, brann, dyrlege.

Legevarsling fram til 2012

AMK-sentralane vart ikkje oppretta før i løpet av fyrste halvdel av 1990-talet. Vaktsentralen hadde ansvaret for legevarslinga for Nord-Gudbrandsdalen fram til 15. januar 2011 – da vart varslinga lagt til lokalmedisinsk senter på Otta. Vaktsentralen hadde legevarslinga for Nord- og Sør-Fron fram til 1. mars 2012 – da overtok LMS. Dei siste åra har Vaktsentralen også hatt sentralbordet for Lom kommune.

Inntekstgrunnlaget vart borte

Med flytting av legevarslinga forsvann mykje av inntektsgrunnlaget for Vaktsentralen, og kommunestyret gjorde i 2011 vedtak om at den kommunale drifta av Vaktsentralen skulle opphøyre 01.07.2012. Etter ein prosess som starta våren 2012 vart dei fleste tenestene flytta frå Vaktsentralen til NGLMS den 01.09.2012.

Tilbod om jobb i NGLMS

Vaktsentralen hadde 5,4 stillingar fordelt på 9 tilsette. Alle tilsette fekk tilbod om arbeid med NGLMS, men ingen takka ja. Tre blei likevel med i ei overgangs-/opplæringsfase i september. Ved avvikling av Vaktsentralen hadde vi 8 fast tilsette. Ei av dei fekk jobb i ei anna kommune og sa opp. Ei har søkt om pensjon. Alle dei andre fekk tilbod om anna arbeid i Lom kommune; Ei takka ja til tilbodet, 5 takka nei og fekk da oppseiing frå kommunen med dei rettigheitene dei da hadde etter Arbeidsmiljølova – (6 mnd. oppseiingstid og rettigheiter i høve ledige stillingar i 1 år).
Tips ein ven Skriv ut