Framside/Jobbe i Lom kommune/Møt ein tilsett
Åshild Myhre Amundsen

"Eit miljø der ein kjapt føler seg heime"

Møt ein tilsett: Åshild Myhre Amundsen - Vikarierande næringssjef

Har vore tilsett som vikarierande næringssjef i Lom kommune sidan mai 2012. Har òg teke over jobben som ansvarleg for nasjonalparklandsbyprosjektet i Lom.
Har bachelorgrad i turisme og reiseliv frå Sogndal og mastergrad i naturbasert reiseliv frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Har òg vore eit halvt år på utveksling til New Zealand på Lincoln University som ein del av mastergraden.

Kva meiner du om Lom kommune som arbeidsgjevar?

«Eg er veldig fornøgd med å jobbe i Lom kommune. Det er mange koselege kollegaer og eit miljø der ein kjapt føler seg heime. Generelt tykkjer eg folk i Nord-Gudbrandsdalen er veldig trivelege.»

Kvifor valde du Lom kommune?

«Fyrst og fremst fordi eg fekk tilbod om jobb, men samtidig er Lom ein plass eg alltid har likt. Det er berre halvannan time frå heimstaden min Vinstra, ein har fantastiske friluftsmoglegheiter med nasjonalparkar i alle retningar, det er kjapt over til vakre Vestlandet der sambuaren min kjem frå og det er rett og slett fint her, med mange koselege folk. Har òg høyrt rykte om eit bra hestemiljø her.»

Fortel om arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene dine.

«Eg har verdas finaste kontor med utsikt til Lomseggen! Det er veldig varierte arbeidsoppgåver i jobben min. Alt frå rettleiing, støtte og kontakt med næringsdrivande og nyetablerte, økonomistyring og gjennomføring av tiltaksplaner i forhold til nasjonalparklandsbyprosjektet, sakshandsaming av søknader til næringsfondet, oppdatering av heimeside og sosiale medier, arrangere kurs og andre arrangement med meir. Eg skal vera ein ressurs og kontraktperson for næringsdrivande og aktuelle etablerarar i Lom.»

Kva likar du med jobben din?

«Eg likar at det er mange varierte arbeidsoppgåver og at eg får møte mange forskjellige folk. Eg får brukt store delar av utdanninga og meg sjølv i jobben og møte stadig nye utfordringar. Samtidig har eg koselege arbeidskollegaer. Det er ein spennande, interessant og utfordrande jobb der eg trivs godt!»

Kva er utfordrande i jobben din?

«Det er absolutt utfordringar med jobben min, og eg får verkeleg bruk for bredda i utdanninga mi. Du skal kunne arbeide på tvers av ulike sektorar og med veldig mange prosjekt og arbeidsoppgåver samtidig. I mi stilling må ein kunne vera litt kreativ, ha gjennomføringsevne, kunne ha dialog med folk og profilere Lom i forskjellige samanhengar. Du må òg vera god på å utrykke deg skrifteleg og ha ein del innsikt i økonomi, marknadsføring og merkevarebygging. Det er med andre ord ei veldig nyttig erfaring og veldig lærerikt for meg.»
Tips ein ven Skriv ut