Karen Melhus Dahl

«Trivst kjempegodt både med elevane og kollegaene mine!»

Møt ein tilsett: Karen Melhus Dahl - Lærar ved Lom ungdomsskule

Har arbeidd som lærar ved Lom ungdomsskule sidan 2003.
Er utdanna faglærar i kunst og handverk frå Høgskulen i Akershus med faga matematikk, og fysikk frå Universitetet i Oslo ved sidan av.

Kva meiner du om Lom kommune som arbeidsgjevar?

«Eg tykkjer at Lom kommune er ein god arbeidsgjevar som tek godt vare på sine arbeidstakarar.»

Kvifor valde du Lom kommune?

«Like etter eg var ferdigutdanna i 2003, var det utlyst ei stilling som lærar i matematikk og kunst og handverk ved Lom ungdomsskule. Sidan vi heile tida hadde planar om å flytte heim til Skjåk og dette var mine fag, kunne eg ikkje la denne jobbsjansa gå i frå meg. Eg sendte inn søknad og fekk jobben, noko eg er svært glad for. Eg trivst kjempegodt både med elevane og kollegaene mine!»

Kva likar du med jobben din?

«Eg likar kontakten med elevane, og å undervise.»

Kva er utfordrande i jobben din?

«Det mest utfordrande er å tilpasse undervisninga så alle føler at dei meistrar og lærar noko nytt, og at ingen føler seg oversett. Eg ynskjer sjølvsagt at alle elevane eg har skal sitje att med mykje kunnskap i mine fag!»
Tips ein ven Skriv ut