Framside»Jobbe i Lom kommune»Møt ein tilsett
Magnhild Heid Olsen

Magnhild Heid Olsen

"Blei teke godt imot som nytilsett"

Møt ein tilsett: Magnhild Heidi Olsen - Vikarierande jordbrukssjef

Magnhild Heidi Olsen har vore tilsett som vikarierande jordbrukssjef i Lom kommune sidan juni 2012. Ho har bachelorgrad i økologi og naturforvaltning, og mastergrad i naturbasert reiseliv teke ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap på Ås.

Kva meiner du om Lom kommune som arbeidsgjevar?

«Lom kommune er ein triveleg arbeidsplass med mange hyggelege arbeidskollegaer. Eg føler eg er teke godt imot som nytilsett. Elles er det ein sikker arbeidsplass med ordna forhold.»

Kvifor valde du Lom kommune?

«Eg hadde jo fyrst fått tilsegn om Storøygard og tenkte at då måtte eg søkje jobb i nærleiken. Tilfeldigvis hadde Lom kommune lyst ut ei stilling som vikarierande jordbrukssjef og eg tenkte som så at det ikkje skada å søkje på stillinga. Eg tenkte òg at det virka som ei trygg og grei stilling, og bestemte meg fort for å takke ja då eg fekk tilbodet om jobben. Dessutan kjem ein lett i kontakt med andre menneske når ein jobbar på ein slik plass, dermed er det kanskje lettare å finne ein ny jobb når vikariatet er over. Ein anna grunn som kanskje er den mest tyngande for min eigen del, er dei nye utfrodringane eg støyter borti. Eg likar utfordringar!»

Fortel om arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene dine.

«Eg sit på avdeling for Miljø, teknisk og næring i fjerde etasje på Midtgard. Der har eg arbeidsoppgåver innan sakshandsaming mellom anna i høve til forskjellige tilskotsordningar og ulike lovsakar, synfaringar i høve til landbruksareal og elles noko rådgjeving.»

Kva likar du med jobben din?

«Det eg likar med jobben min er dei mange og ulike utfordringane eg treffer på, at det er ein del menneske innom kontoret, og at eg deltek på ein del synfaringar ute. Folk er veldig imøtekommande i Lom, og eg har ofte fått høyre «Velkomne åt bygdè!» Det er veldig triveleg å møte nye folk og godt å føle at ein kan vera til nytte for nokon. Dessutan er eg som ny innflyttar overvelda over den gode mottakinga frå bygda. Dei har vore suverene og verkeleg gjeve oss ei fantastisk mottaking. Eg kjem nok aldri til å gløyme da nærmast heile bygda stod oppi bakken vår å hesja og slo gras – på eiga initiativ. For ein gjeng!»

Kva er utfordrande i jobben din?

«Eg møter på ein del utfordringar, kanskje mykje fordi eg kjem rett frå skulebenken og ikkje har jobba innanfor akkurat dette fagfeltet. Men eg tykkjer utfordringar er positivt! Eg føler òg at eg har fått bruk for ein del av kompetansen eg har bygd meg opp gjennom skulegang.»
Tips ein ven Skriv ut