Framside/Jobbe i Lom kommune/Møt ein tilsett
Ergoterapeut Mari Eggen

Ergoterapeut Mari Eggen

Ny ergoterapeut i Lom kommune

Møt Mari Eggen

 - Eg er fødd og vaks opp i Moelv, flytta til Alvdal da eg skulle starte på hestelinja på Storsteigen videregående skole. Budde i Alvdal i 10 år før eg flytta til Oslo og tok bachelorgrad i ergoterapi ved høgskolen i Oslo. Siste året i Oslo fikk eg fast jobb på Tynset, så da flytta eg til Tylldalen før sommaren og kjøpte småbruket etter min bestefar. Eg starta som ergoterapeut i Lom 1. oktober 2013. Før det jobba eg som miljøterapeut i ”Tjenesten for funksjonshemmede” i Tynset kommune.

Kvifor valde du Lom kommune?

- Lom kommune lyste ut ei stilling som ergoterapeut, så etter fire år som miljøterapeut nytta eg høvet til å få litt relevant erfaring på papiret. Utfordringane er større i ei stilling som ergoterapeut enn som miljøterapeut. Lom ligger jo i et vakkert landskap og med Vågå som nabokommune var ikkje valet så vanskeleg.

Fortel om arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene dine

- Eg har kontor i 1. etasje på helseheimen. Lyst, trivelig og stort kontor som eg deler med Elin Husom. Kjekt å ha ein tidlegare ergoterapeut å spørje. Arbeidsoppgåvene mine er mange, mellom anna å ta meg av henvendelser frå kommunen sine innbyggarar og behandle disse. Som ergoterapeut hjelper du menneskjer til aktivitetar som gir livskvalitet, helse, verdigheit og meistring i kvardagen. Eg mottek også hjelpemiddel som skal ut til brukarane eller leverast til hjelpemiddelsentralen.

Kva likar du med jobben din?

- Ein dag er aldri lik ein annan. Møter på nye utfordringar heile tida. Eg jobbar med veldig mange brukarar, kollegaer og hjelper brukarane på en forhåpentlegvis positiv måte. Å sjå andre gjera ein aktivitet dei kanskje trudde dei ikkje kunne klare sjølve. Bidra på ein positiv måte.

Kva er utfordrande i jobben din?

- Etter kort tid i jobben så har eg ikkje møtt på dei store utfordringane, men trur eg får nok å henge fingrane i. Også er det mange møte, tverrfaglige møte, som tar tid. Nå i starten trur eg den største utfordringa blir å finne fram til brukarar i ein kommune eg har lite geografisk kunnskap om. Får ta utfordringane på strak arm.

Tips ein ven Skriv ut