Framside»Jobbe i Lom kommune»Møt ein tilsett
Byggesaksbehandlar Unni Stålevik

Byggesaksbehandlar Unni Stålevik

Ny byggesaksbehandlar i Lom kommune

Møt Unni Stålevik

- Eg kjem frå Vågå og har bachelorgrad i byggkonstruksjon frå Høgskolen i Gjøvik. Eg byrja i stillinga som byggesaksbehandlar her i Lom den 1. august. Før eg kom hit arbeidde eg på teknisk i Vågå kommune.
 

Unni Stålevik, byggesaksbehandlar i Lom kommune

Kvifor valde du Lom kommune?

- Lom kommune lyste ut ei stilling som byggesaksbehandlar på same tidspunktet som eg var på utkik etter ei 100% fast stilling innan fagområdet. Det er triveleg i Lom og reisevegen er passe lang.

Fortel om arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene dine

- Eg har fått eit triveleg kontor på miljø, teknisk og næring (MTN). Arbeidsoppgåvene mine består fyrst og fremst i å behandle byggesøknader etter gjeldande lover og forskrifter. Eg kan hjelpe til med utfylling av byggesøknader viss det er behov for det. Vidare har eg ansvar for registrering av nye tiltak i Matrikkelen, registrering/rapportering av vassprøveanalyser og eg er med i faggruppa til NGR.

Kva likar du med jobben din?

- Det er varierte arbeidsoppgåver. Eg tykkjer at det er spanande med byggeprosjekt og –løysingar. Å hjelpe med å få realisert eit byggeprosjekt i samsvar med det gjeldande lovverket.

Kva er utfordrande i jobben din?

- Nå har eg ikkje vore her så lenge enda, men det kan vere ei utfordring å finne fram i paragrafjungelen. Det er og mange spørsmål som kan vere vanskeleg å svare på med ein gong, men det har dei fleste forståing for.

Tips ein ven Skriv ut