20140422_153908

Møte for handel- og reiselivsnæringa 19. april

For ei stund attende vart det invitert til eit møte på Bakeriet ang. statusen som turiststad. Det vart bestemt at vi skulle bestille ei handelsanalyse frå Østlandsforskning, som grunnlag for ein eventuell ny søknad om utvida haust- og vårsesong.

Onsdag den 19. april tek vi eit møte for handel- og reiselivsnæringa der vi går kort gjennom funna til Østlandsforskning, og vurderer vegen vidare. Møtet blir på formannskapssalen i Lom kl. 08.00

Si ifrå til ashild.amundsen@lom.kommune.no innan 17. april dersom du kjem (viss vi blir mange må vi nemleg endre plassering).

Tips ein ven Skriv ut