Storfebeite Veodalen

Storfebeite Veodalen

Mosjonskrav for storfe

Det er viktig å leggje forholda til rette for god helse og trivsel hos dyra. God dyrevelferd inneber mellom anna at dei får anledning til fri bevegelse og mosjon. Mange husdyr er store deler av året bunde opp på bås eller står i tronge bingar.
God velferd inneber at dyret har positive følelsar som tilfredsheit, glede og positiv forventing.
Når det gjeld storfe, er det krav om at dyra skal ha moglegheit til fri rørsle og mosjon på beite i minimum 8 veker i sommarhalvåret. Dyra bør sleppast på beite på den lysaste tida av døgnet og i så mange timar av døgnet som mogleg. Dersom dyra tas inn frå beite om natta, skal tida inne gjerast så kort som mogleg. Dette er aktuelt for kyr i laktasjon som står inne mellom kvelds- og morgonstell.
Dyras grovfôrinntak i beiteperioden skal i hovudsak dekkast av beiteplantar eller ved utlegging av nyslått gras. Eventuelt kan anna egna fôr nyttast.
Mosjonskravet gjeld for alt av storfe, kalvar, ungdyr og vaksne med følgjande unntak:
 Ikkje-kastrerte hanndyr eldre enn seks månader
 Storfe i lausdrift
Frå 2013 må også storfe i lausdrift sleppast ut i friluft.

Mattilsynet og landbrukskontoret ønskjer både folk og fe ein fortsatt god sommar!
Tips ein ven Skriv ut