Mottaket i barnehagen er viktig
Det siste halvåret har barnehagane i Lom arbeidd målretta for at barn og foreldre skal bli enda meir tilfredse med måten dei blir teke imot på i barnehagen. På felles planleggingsdag i november delte dei på kreativt vis kunnskapar og erfaringar, gjennom både sang, rollespel og digitale presentasjonar. Nå skal foreldre vere med å evaluere i kva grad mottaket har vorte betre.
Barnehagane i Lom arbeider systematisk med kvalitet. Kvart halvår vel dei nytt fokusområde som dei arbeider med på same måten kvar gong.
Neste fokusområde er måltidet. Men det betyr ikkje at tidlegare fokusområde blir gløymt.
Neste fokusområde er måltidet. Men det betyr ikkje at tidlegare fokusområde blir gløymt.