Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid/Musikk og kulturskulen

Musikk- og kulturskulen

08. april 2015

Lom musikk- og kulturskule er administrativt organisert under Loar skule, men fysisk samlokalisert med Lom ungdomsskule. Hovudoppgåva for musikk- og kulturskulen er å fremja eit rikare kulturliv i kommunen ved å kunne gje tilbod i opplæring innanfor aktivitetar som avspeglar interessene til elevane. Skulen vil prøve å forløyse kreativiteten til kvar einskild elev, samstundes som ein vil leggje vekt på å fremje forståing og oppleving av - og interesse for ulike kulturaktivitetar. Målet er elles å skape eit positivt ungdomsmiljø gjennom verdfulle fritidsaktivitetar.

Du finn enda meir informasjon om tilbodet og om det som rører seg i Lom musikk- og kulturskule på nettsida vår under www.loar.skule.no