Musikk- og kulturskulen

Lom musikk- og kulturskule er administrativt organisert under Lom ungdomsskule.
Hovudoppgåva for musikk- og kulturskulen er å fremja eit rikare kulturliv i kommunen ved å kunne gje tilbod i opplæring innanfor aktivitetar som avspeglar interessene til elevane. Skulen vil prøve å forløyse kreativiteten til kvar einskild elev, samstundes som ein vil leggje vekt på å fremje forståing og oppleving av - og interesse for ulike kulturaktivitetar. Målet er elles å skape eit positivt ungdomsmiljø gjennom verdfulle fritidsaktivitetar.

Tilbodet

Lom musikk- og kulturskule gjev tilbod på: fele, femrader, el-bass, gitar, trommer, piano, keyboard, blokkfløyte, song, torader, dans og drama og formgjevingsfag.

Skulen har i dag ca. 140 elevar fordelt på individuell-/gruppe-opplæring. Undervisninga er lagt til Lom ungdomsskule, Loar skule, Garmo skule, Steinfjoset og Presthaugen.

Musikk- og kulturskulen har i dag 8 tilsette (delstillingar) i tillegg til rektor.

Søk plass her

  • Målgruppe for tenesta

    • Barn og unge frå 3. klasse til og med vidaregåande skule. Dans og drama tilbodet er frå 1. klasse og oppover.
  • Slik får du tenesta

    • Ledige plassar vert utlyste i lokalavisa Fjuken i april kvart år.
    • Lenke til elektronisk søknadssjema finn du i sjølvbeteningsboksen på høgre side eller ved å trykke på lenkja over. Du kan vende deg til servicetorget i Midtgard for hjelp til utfylling av elektronisk søknad eller for å få skjema i papirversjon.
  • Pris

    • Eineundervisning kr. 2 000,- pr. år
    • Syskenmoderasjon, første barn 40%, andre barn 50%
    • Gruppeundervisning i drama, dans og formgjeving kr. 1 000,- pr. år
    • (Det er ikkje syskenmoderasjon for gruppeundervisning)
    • Instrumentleige kr. 300,- pr. år
  • Kontakt

    • Reidar Svare
  • Kontakt e-post

  • Kontakt telefon

    • 900 32 601

Skulane i Lom

Garmo oppvekstsenter:
Rektor Nina Ophaug
Telefon 97 78 04 67

Loar skule:
Rektor Anita Hølmo Nestvold
Telefon 481 57 063

Lom ungdomsskule:
Rektor Tore Mundal
Telefon 61 21 10 91

Rådgjevar oppvekst:
Herdis Kvamme Repp
Telefon 61 21 73 53