Næringsfond

Næringsfondet er eit verktøy for å fremje næringslivet, sysselsettinga og busetnaden i Lom kommune.

Som gründer eller bedriftseigar i Lom har du moglegheit til å søkje næringsfondet om støtte til oppstart og utviklingstiltak. Det er vedtektene for fondet som regulerer kva for tiltak som kan få støtte, men det er ikkje eigne retningsliner eller søknadsskjema. Ein forretningsplan for ei ny bedrift er eit godt grunnlag for ein søknad.

Vedtekter for næringsfondet (kraftfondet) i Lom kommune.

§ 1. Næringsfondet er sett saman av årlege konsesjonsavgifterf frå reguleringar av Tessevatna, Raudalsvtn-Breidalsvatn, Veo til Tesse, Aursjøen, Fortun-Grandfasta. Avkastninga på fondet er årlege konsesjonsavgifter som blir innbetalt frå nemde reguleringar. I tillegg kjem renter og anna avkastning av fondsmidlane.

§ 2. Føremål. Kraftfondet skal fyst og fremst nyttast til næringsformål. Fondet kan også nyttast til kommunale fellestiltak.Bruken av fondet skal fremje næringslivet, sysselsettinga og busetnaden i Lom kommune. Prosjekt som bidreg til sysselsetting for kvinner bør prioriterast. Det kan ikkje gjevast stønad til saneringav gjeld eller drift av bedrifter og kommunen.

§ 3. Stønadsformer. Stønad kan gjevast som tilskot og lån. Her er det medrekna ansvarleg lån, og lån på særlege vilkår. Kraftfondet kan berre i særlege tilfelle nyttast til innkjøp av aksjar i privat næringsverksemd. Dersom det blir kjøpt kommunale aksjar, må ikkje dette utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen. Dette gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg o.l. som kommunen etablerer i samarbeid med private interessentar. Fondsstyret kan fastsetja føresegner for utbetaling og vilkår på lån gjeve frå kraftfondet.

§ 4. Stønadsvilkår. Samla stønad frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje utgjera meir enn 50% av det totale kapitalbehovet for eit prosjekt. Ved prosjekt av særleg betydning for kvinner, og ved nyetableringar, kan det gjevast inntil 75% stønad. Ei bedrift kan ikkje ta imot offentleg stønad som overstig kr. 400.000,- til eitt og same føremål i ei treårsperiode, utan at det på førehand er godkjent av ESA. Bedrifter som tek i mot stønad, plikter å opplyse om stønad er teke i mot frå næringsfondet ved søknad om evt. ytterlegare stønad frå offentlege midlar innan utgangen av tre årsperioden. Tilskot kan krevjast attendebetalt dersom ei privat bedrift skiftar eigar innan to år etter at stønad er gjeve.

§ 5. Tilhøvet til internasjonale krav på stønadsområdet. Bruken av fondet må vera i samsvar med dei internasjonale regelverk Noreg har slutta seg til på stønadsområdet.

§ 6. Fondsstyret. Formannskapet er fondsstyret. Dersom det er søkt om meir enn kr. 100.000,- i tilskot og kr. 200.000,- i lån, skal saka leggjast fram for kommunestyret med innstilling frå fondsstyret. Eit mindretall i fondsstyret kan anke vedtak i styret inn for kommunestyret. Fondsstyret delegerer til administarsjonssjefen å gje stønad inntil kr. 30.000,- innan bestemte retningliner. Bruk av delegert mynde refererast i fyrste møte i fondsstyret.

§ 7. Forvaltning, rekneskap og årsmelding. Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto, slik at dei er disponible til kvar tid. Renter og avdrag skal førast attende til fondet. Rekneskapsansvarleg skal utbetale tilskot, lån og skal til kvar tid halde oversikt over, og krevja avdrag og renter på lån. Rekneskapsansvarleg skal føre rekneskap for kraftfondet, og leggje fram melding om verksemda i fondet for kommunestyret kvart år. Rekneskapsansvarleg skal også sende gjenpart av denne meldinga tilfylkesmannen og Oppland fylkeskommune.

§ 8. Godkjenning og endring av vedtektene. Vedtektene kan endrast etter vedtak i kommunestyret. Vedtektene skal godkjennast av Fylkesmannen. Kommunen kan påklage Fylkesmannen sitt vedtak til Kommunal- og Regionaldepartementet.