Hjelp til oppstart og vidareutvikling

Lom kommune ynskjer å oppmuntre folk som vil starte nye bedrifter og utvikle eksisterande næringsliv. Har du ein god forretningsidé, kan vi bidra til idéutvikling, nettverksbygging mot fagmiljø og hjelpe deg å finne kurs og støtteordningar som er tilgjengelege i oppstartsfasen. Før og under ei bedriftsetablering er det ofte mange små og store spørsmål det kan vere nyttig å drøfte med nokon. Vi tek ikkje betalt for rådgjeving og har sjølvsagt teieplikt.

Korleis arbeider Lom kommune med næringsutvikling?

Næringssjef Torill Bye Wilhelmsen og idéutviklar i Liv i Lom Gry Bystøl arbeider lokalt og samarbeider regionalt og nasjonalt om følgande tema:
- Bedriftsutvikling og etablering
- Søknader til næringsfondet i Lom kommune
- Rådgjeving, informasjon og oppmuntring av etablerarar og næringsdrivande
- Samfunnsutvikling og omdømmebygging for å gjere Lom meir attraktiv for næringsetablering og busetting gjennom Liv i Lom
- Utvikling av Lom som nasjonalparklandsby

Det er primært fire verkemiddel som blir nytta:

- Rådgjeving og oppmuntring av nytt og eksisterande næringsliv. Næringskontoret har ansvaret for kontakt med alt næringsliv i bygda og mot nyskapande miljø som kan bidra til næringsutvikling og bulyst.
- Vårt nettverk i kommunen, mot næringslivet i Lom og instanser utanfor kommunen.
- Kommunalt næringsfond blir aktivt nytta til utvikling av næringslivet i Lom.
- Arrangere studieturar, foredrag og møteplassar for næringslivet, utsending av nyheitsbrevet "Nytt til næringslivet".

Kompetanse og nettverk

Vi har mellom anna kompetanse innanfor bedriftsutvikling, nyskaping og entreprenørskap.
Næringskontoret legg stor vekt på å ha eit nettverk utanom eigen organisasjon i kommunen., til dømes:
- lokale og regionale næringsforeiningar,
- næringsansvarlege i alle kommunane i Nord-Gudbrandsdal,
- regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal,
- Innovasjon Norge på fylkesnivå,
- fylkeskommune,
- fylkesmannen si landbruksavdeling,
- nettverket for Noregs nasjonalparklandsbyar,
- Jotunheimen Reiseliv AS,
- Næringshagen i Nord-Gudbrandsdal. 

Vi har og jamleg kontakt med forskings- og utviklingsmiljø som
- Høgskulen på Lillehammer, 
- Universitetet for miljø- og biovitenskap (tidlegare landbrukshøgskulen på Ås),
- det nyopna Distriktssenteret og ulike prosjekt i regionen.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Næringskontoret kan vere til hjelp gjennom kontaktnettet og eigen kompetanse. Vi kan kople deg mot rette miljø når det gjeld
- oppstart og utvikling av bedrifta,
- rekruttering av studentar til oppgåveskriving eller hospitering,
- rekruttering av tilsette,
- utforming av forretningsplan og
- kontakt mot  Innovasjon Norge og andre.

Mange utviklingsprogram og opplæringstiltak står til disposisjon for næringslivet som etableraropplæring, FRAM-program, skattefunn med meir.


Kontaktinformasjon

Næringssjef Bjarne Eiolf Holø
E-post: bjarne.eiolf.holo@lom.kommune.no
Telefon: 61 21 73 36
Mobil: 46 96 80 90

Idéutviklar Gry Bystøl
E-post:

gry.bystol@lom.kommune.no

Mobil: 47 48 26 67