Vanlege spørsmål/Næringsliv

Kva kan kommunen hjelpe meg med om eg vil starte eller vidareutvikle ei bedrift?

29. september 2009
Vi kan hjelpe deg med idéutvikling, kva du skal gjere vidare i planlegginga og oppstarten.
Vi har og oversikt over kven det kan vera lurt å kontakte for å få hjelp til finansiering, produktuvikling, forskning, kurs, nettverksbygging og andre ting du kan trenge.
Lom kommune har eit næringsfond som vi nyttar aktivt.

Kva er det fyrste eg gjer når eg vil starte bedrift?

29. september 2009
Kommunen kan gje hjelp til etablerarar. Ta kontakt allereie når du vurderer å starte opp for deg sjølv. Vi kan vera ein samtalepartnar og hjelpe deg vidare. Våre tenester er gratis, og du kan få hjelp i den fasen av etableringa du er i.