Næringsprisen 2013

Næringsprisen blir delt ut av Lom kommune kvart år, basert på innspel frå lokalsamfunnet. Send inn ditt forslag til kommunen innan 10. september dersom du kjenner ein eller fleire som fortener prisen.

Næringsprisen 2013

Næringsprisen kan gjevast til verksemder, enkeltpersonar eller institusjonar som har utmerka seg i næringssamanheng, og såleis vore ein god ambassadør for bygda.
Formannskapet gjer vedtak om utdeling av prisen.

Har du forslag til kandidat, send inn namn og ein kort tekst om kvifor DIN kandidat fortener prisen.
Send forslaget til:
Lom kommune, Midtgard, 2686 Lom eller på e-post post@lom.kommune.no innan 10. september 2013.

Magnar og Borgny på Raubergstulen fekk prisen i 2012
Magnar og Borgny på Raubergstulen fekk prisen i 2012

Fjorårets næringspris gjekk til ekteparet Mundhjeld

I fjor vart næringsprisen delt ut under eit ope møte for næringslivet i november. Prisen gjekk til Magnar og Borgny Mundhjeld på Raubergstulen for mange års innsats innan reiseliv.  

Les heile artikkelen om utdelinga i Fjuken: http://www.fjuken.no/?event=DoLink&FamID=323151

Tidlegare har prisen gått til m.a. Bakeriet i Lom, Kirkestuen Transport, Lom Møbelindustri og Rolv Vaagaasar.

Tips ein ven Skriv ut