Næringsprisen til Svein Garmo ved Fossheim Hotell

Næringsprisen til Svein Garmo ved Fossheim Hotell

Næringsprisen til Fossheim Hotell v/Svein Garmo

Under årets Fjordingsmartna delte Lom kommune ut årets næringspris til Fossheim Hotell v/Svein Garmo
Næringsprisen kan gjevast til verksemder, enkeltpersonar eller institusjonar som har utmerka seg i næringssamanheng, og såleis vore ein god ambassadør for bygda.
Det er  Formannskapet som gjer vedtak om utdeling av prisen basert på innkomne forslag eller forslag frå formannskapet sjølve.

Det var ordførar Bjarne E. Holø som delte ut prisen laurdag 21.06.
Under kan du lese kva ordføraren sa under utdelinga:

"I år går næringsprisen til ein sentral næringsaktør her på Fossbergom. Vedkomande er fødd og oppvakse inn i verksemda, som han dreiv saman med broren i ein del år før han overtok heile verksemda sjølv.Han har hatt ei tydeleg målsetning om at verksemda skal levere eit kvalitetsprodukt dæ særleg med grunnlag i lokal kultur og matopplevingar. Han viste stort mot da han tidleg tilsette ein ung kokk som fekk ansvaret for kjøkenet og tilnærma frie tøyler. Dette skulle vise seg å verta starten på ei utvikling av bedrifta spesielt og for Lom generelt. Det er utan tvil at denne satsinga etter kvart fekk sett Lom på kartet som ein mat destinasjon basert på naturens eigne råvarer. Bedrifta har i åra som har gått sidan fyrst på 80-talet gjort det mogleg for fleire kokkar å utvikle seg til dei fremste i landet og europa elles. Sjølv har prisvinnaren tileigna seg stor kunnskap om drikkevarer som han på ein utmerket måte passar til og presenterer  saman med maten som kjøkenet leverer. Han er ein god vert som nesten støtt er tilstade og tek i mot gjestane på i framifrå måte, han tek seg god tid til å prate med alle og har støtt ei god historie på lager. For vedkomande er alle gjestar like viktige og han behandlar alle likt om det er bygdafolk, vanlege turistar eller prominente gjestar.

Eg reknar med at fleire har nå gjetta seg til kven årets næringspris går til og det er for meg ei stor glede og ære og medele at næringsprisen 2016 går til Svein Garmo ved Fossheim hotell".

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut