Næringsprisen til Kirkestuen Transport

Geir Inge Kirkestuen (i midten) får Lom kommune sin næringspris av statsråd Liv Signe Navarsete og ordførar Simen Bjørgen
Kirkestuen Transport AS fekk Lom kommune sin næringspris for 2006. Prisen vart delt ut av statsråd Liv Signe Navarsete, og ho la vekt på prisvinnaren sitt målretta arbeid for trafikktryggleik.Geir Inge Kirkestuen (i midten) får prisen frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete og ordførar Simen Bjørgen.
Det har vorte ein tradisjon at Lom kommune sin næringspris vert delt ut på Fjordingsmartnan. Og i år var det ekstra stor stas når prisen vart delt ut av samferdselsministeren saman med ordførar Simen Bjørgen. Prisen er diplom og eit måleri signert Ida Sperstad.

Verksemd i heile landet
- Prisen går til ei av dei største verksemdene i sin sjanger i Oppland, og dei legg ned eit stort arbeid for å betre trafikktryggleiken til beste for oss alle, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete under utdelinga av næringsprisen.
- Kirkestuen Transport er eit firma med verksemd i heile landet, ein god ambassadør for Lom, sa Navarsete.

Hovudkontor i Lom
Kirkestuen Transport vart oppretta i 1966, og har hovudkontoret i Lom. Men du kan treffe på bilar merka med Kirkestuen transport rundt omkring i det meste av landet. Terminalar har dei på Rudshøgda og i Oslo, og med 70 tilsette og om lag 65 millionar kroner i omsetnad er Kirkestuen ein viktig aktør i Lom.
Lenkje til Kirkestuen Transport AS.

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932