Fakta om Lom som nasjonalparklandsby
![]() |
| Sertifiserte oppmuntringsagentar |
Nyskaping er kjernen i satsinga
Kjernen i statusen er verdiskaping og natur. Lom har ”gjestfritt og nyskapande” som visjon, og har difor valt å satse på tiltak som kan gje meir innovasjon.
Lokalsamfunnet må støtte opp om initiativtakarar i næringslivet og friviljug sektor. Eksempel på tiltak som er gjennomført er:
- Entreprenørskap i ungdomsskulen, eigne opplegg i 8, 9 og 10. klasse
- Kurs i entreprenørskap for lærarar på ungdomsskulen
- Kurs i skaparkraft og kreativitet for pedagogiske leiarar i barnehagane
- Inspirasjonskveldar for næringsliv, tilflyttarar og andre med humørbonde Geir Styve
- Landsbykafé for næringslivet
- Etablering av Liv i Lom-fondet
- 14 personar frå ulike institusjonar i Lom er sertifisert som oppmuntringsagentar og har lært verktøy for idéutvikling
- Studietur til nasjonalparklandsbyen Vingelen, Røros og Funäsdalen med fokus på nyskaping i reiselivet ut frå tanken om berekraftig utvikling.
Eit livskraftig lokalsamfunn
Det er mykje kunnskap om nasjonalparkane blant lomværene. Satsinga på nasjonalparklandsby er avhengig av at fleire får ta del i denne kunnskapen. Det har vore fleire arrangement som gjer at denne kunnskapen kan delast, slik som opningsarrangementet av Lom som nasjonalparklandsby, landsbydagen i mai 2009 og opning av Breheimen nasjonalpark i august.Andre satsingsområde for nasjonalparklandsbyen er stadutvikling og miljø. Det er laga ein plan for stadutvikling og i sommar vart fleire stiger ut frå sentrum og Bergomsrunda rusta opp og merkt på nytt. Det er utnemnt miljøagentar i barneskulen og det har vore ein kampanje for ”Posefritt Lom”.






