NasjonalparkSKriket tek av

55 på øving i Team Lom sist onsdag!

Team Lom i full gong med NasjonalparkSKriketFolkehelseprosjektet NasjonalparkSKriket tek heilt av i Lom. No er rundt 60 med på prosjektet, eit tal som er godt over dei mest optimistiske spådommane på førehand. Det er framleis høve til å melde seg på. Alle som er 13 år eller eldre kan stille på Lom ungdomsskule onsdagar kl. 19.30-21.
I går møtte 55 blide jenter og gutar, kvinner og menn til korøving i Team Lom. Folkehelseprosjektet er regionalt der alle dei seks norddalskommunane etablerer kvart sitt prosjektkor i desse dagar og øver inn tri korsongar. Dei seks kora møtest til dyst i eit stort finalearrangement laurdag 19.mai i Vågåhallen. Også i dei andre kommunane er det meldt om svært god oppslutnad om tiltaket. Her blir det hard kniving om å vera det største og beste koret i regionen. Vinnarkoret vinn 40000kr som skal gå til folkehelsetiltak i eigen kommune. Vi held ein knapp på Team Lom!


  • Tips ein ven

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932