NasjonalparkSKriket
Det store korslaget i Nord-Gudbrandsdalen
Neste veke startar NASJONALPARKskRIKET ("det store korslaget i Nord-Gudbrandsdalen").Då skal kvar av dei seks norddalskommunane setja saman kvart sitt kor av alle i kommunen som er huga til å vera med. D.v.s. frå 13 år og oppover. Inga øvre aldersgrense. Ingen krav til notekunnskap eller anna. Er du huga til å koma saman med andre i eit triveleg prosjektkor er det berre å stille i kantina på Lom ungdomsskule onsdag 25.januar kl. 19.30.
Låg terskel - for alle
Biletet syner eksempel på ein blid gjeng som syng i kor.Har du ikkje høve akkurat denne kvelden kan du melde deg på til kristbjorn.rossehaug@lom.kommune.no og vera med likevel.
Prosjektet er eit lågterskel folkehelsetiltak. Korsong og triveleg fellesskap er god folkehelse.
Team Lom skal øve inn tri songar i løpet av våren. Vi skal konkurrere med dei andre fem kommunekora om 40 000 kr til folkehelsetiltak i eigen kommune.
Prosjektet munnar ut i ein stor finalekveld i Vågåhallen laurdag 19.mai kl. 18.00.
Friske songar og spennande prosjekt
Vi skal syngje tri friske og spanande songar. Litt "krydder" attåt blir det nok også. Aud Gravningen Sørhage, Reidar Svare og Kristbjørn Rossehaug har ansvar for prosjektkoret i Lom, der sistnemnde kjem til å vera dirigent.Prosjektleiaren for NasjonalparkSKriket, Stian Høglien, kjem til å vera med på fyrste samlinga onsdag 25.januar.