Vil du bli natteramn?
Natteramn er Noregs største og kanskje viktigaste førebyggjande prosjekt for barn og ungdom.
Som natteramn er du med på å skape tryggleik og trivsel i bygdene våre ved å vandre der ungdomane samlast.
Natteramnane er til stades på ulike arrangement og ein del kveldar elles, som til dømes natt til 1.mai, som tradisjonelt samlar mykje folk.

Alle fornuftige vaksne kan vera med
Alle vaksne med sunn fornuft kan bli natteramnar. Natteramninga går primært føre seg i sentrumsnære arrangement. Der vi veit det er mykje ungdom samla.Natteramn i Lom og Skjåk er organisert med ei styringsgruppe som er samansett av Kari Hånsnar frå Skjåk, Ingvard Olstad og Ella Hoel frå Lom.
Gruppa samarbeider særs godt med kommunen og politiet.
Slik kan du bli natteramn
Det er alltid behov for fleire natteramnar. Din innsats er verdifull. Er du interessert i å gjera ein innsats for barn og ungdom? Ved å vera med som natteramn hjelper du andre, samstundes som det gjev deg verdifull kunnskap og mosjon. Ikkje minst er det sosialt. Ta kontakt med ein av personane i styringsgruppa dersom du ynskjer å vera med.
Kari Hånsnar kari.hånsnar@skjaak.kommune.no.
Ella Hoel ella.hoel@lom.kommune.no.