Natur og miljø

Administativt er miljøavdelinga lagt til tenesteområde Miljø/teknisk/næring.

Miljøforvaltning er eit sektorovergripande ansvar, så det er vanskeleg å trekkje klare skiljeliner mellom miljø-/naturforvaltning og andre fagfelt. Kontaktperson for miljø/naturforvaltning er Sander Sælthun. Langsiktige mål for miljø- og naturforvaltninga i Lom kommune: • Innarbeide miljø- og naturforvaltningsomsyn på alle felt i den kommunale planlegginga og verksemda. • Langsiktig og god forvaltning av naturressursane: bruk - ikkje forbruk • Arbeide for eit reint naturmiljø for komande generasjonar og ta vare på naturressursane gjennom vern og balansert utnytting. • Bevare det biologiske mangfaldet i kommunen, ved kartlegging og etablering av gode rutiner for å sikre nøkkelbiotopar for sårbare artar. • Arbeide for ei berekraftig utnytting av fiske- og viltressursane. • Vera på vakt når det gjeld kommersiell utnytting av naturverdiar - arbeide for retningsliner som hindrar forsøpling, terrengslitasje og uroing av vilt og beitedyr. • Stimulere til friluftslivsaktivitetar i pakt med naturen og norske friluftslivstradisjonar. Kommunen har forvaltingsmynde for den delen av Reinheimen verneområde som ligg i Lom kommune – dette gjeld nasjonalparken, landskapsvernområde og naturreservat.