Lom - ein del av nasjonalparkriket
Langsiktige mål for Lom kommmune
Kommunen er sjølvsagt ein viktig aktør når det gjeld forvaltning av natur og miljøressursar. Langsiktige mål for miljø- og naturforvaltninga i Lom kommune er:
• Innarbeide miljø- og naturforvaltningsomsyn på alle felt i den kommunale planlegginga og verksemda.
• Langsiktig og god forvaltning av naturressursane: bruk - ikkje forbruk'
• Arbeide for eit reint naturmiljø for komande generasjonar og ta vare på naturressursane gjennom vern og balansert utnytting.
• Bevare det biologiske mangfaldet i kommunen, ved kartlegging og etablering av gode rutiner for å sikre nøkkelbiotopar for sårbare artar. • Arbeide for ei berekraftig utnytting av fiske- og viltressursane.
• Vera på vakt når det gjeld kommersiell utnytting av naturverdiar - arbeide for retningsliner som hindrar forsøpling, terrengslitasje og uroing av vilt og beitedyr.
• Stimulere til friluftslivsaktivitetar i pakt med naturen og norske friluftslivstradisjonar.





