Framside/Tenester til deg/Natur, miljø og friluftsliv

Natur og miljø

Administativt er miljøavdelinga lagt til tenesteområde Miljø/teknisk/næring.

Miljøforvaltning er eit sektorovergripande ansvar, så det er vanskeleg å trekkje klare skiljeliner mellom miljø-/naturforvaltning og andre fagfelt. Kontaktperson for miljø/naturforvaltning er Sander Sælthun.

Langsiktige mål for miljø- og naturforvaltninga i Lom kommune:

  • Innarbeide miljø- og naturforvaltningsomsyn på alle felt i den kommunale planlegginga og verksemda.
  • Langsiktig og god forvaltning av naturressursane: bruk - ikkje forbruk.
  • Arbeide for eit reint naturmiljø for komande generasjonar og ta vare på naturressursane gjennom vern og balansert utnytting.
  • Bevare det biologiske mangfaldet i kommunen, ved kartlegging og etablering av gode rutiner for å sikre nøkkelbiotopar for sårbare artar.
  • Arbeide for ei berekraftig utnytting av fiske- og viltressursane.
  • Vera på vakt når det gjeld kommersiell utnytting av naturverdiar - arbeide for retningsliner som hindrar forsøpling, terrengslitasje og uroing av vilt og beitedyr.
  • Stimulere til friluftslivsaktivitetar i pakt med naturen og norske friluftslivstradisjonar. Kommunen har forvaltingsmynde for den delen av Reinheimen verneområde som ligg i Lom kommune – dette gjeld nasjonalparken, landskapsvernområde og naturreservat.
Tips ein ven Skriv ut