Framside/Tenester til deg/Sosiale tenester/NAV - Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gjev deg rett til trygd. Programmet blir utforma i samarbeid med deg. Det skal bestå av arbeidsretta tiltak, men kan også innehalde andre tiltak. Det kan settast av tid til medisinsk behandling, opptrening og eigenaktivitet innafor programtida. Programmet skal være heilårleg og på full tid. Medan du deltek i programmet, mottek du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.

Kriterium / vilkår

Du er i yrkesaktiv alder, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdloven og arbeidsmarknadsloven.

Partnarar

På Nav-kontoret arbeider dei tilsette saman for å finne fram til heilskaplege og individuelt tilrettelagde løysingar. Deltakarane skal ha tett og koordinert bistand. Dei tilsette samarbeider difor med næringsliv, helsevesen, friviljuge organisasjonar, osv. Samarbeidspartnarane vil avhenge av innhaldet i programmet.

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å koma ut i arbeid.
  • Kontakt

    • Nav-kontoret
  • Kontakt telefon

    • 55 55 33 33
Tips ein ven Skriv ut