Seks stjerner til Lom kommune

Seks stjerner til Lom kommune

God framgang i kvalitetsundersøkinga av offentlege nettstader

Nettstaden vår er den femte beste i heile landet

Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) gjennomfører ei årleg undersøking av kvalitet på offentlege nettstader. Lom kommune fekk ein totalscore på 92% som er fram frå 88% i fjor.
Med det vart vi også i år best i Oppland og vi vart den femte beste av alle offentlege nettstader i heile landet.

Undersøkinga av kvalitet på offentlege nettstader er særdeles grundig. Dei måler nettstadene etter mange kriterium fordelte på hovudområda tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.

På brukartilpassing scora vi 97% og vart best i landet saman med tre andre nettstader.

Totalt scora vi 92% og kom på ein delt femteplass av dei 682 undersøkte offentlege nettstadene. Lom kommune, Sel kommune (84%), Oppland fylkeskommune (81%) og Nord-Fron kommune (80%) var dei einaste nettstadene i Oppland med seks stjerner.

Lenke til resultatet av undersøkinga.

Tips ein ven Skriv ut