Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR) - brukthandel på nett

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap har teke initiativ til omsetning av bruktvarer på nett.
Formannskapet har i sak 29/2010 vedteke å stille seg positive til brukthandeltiltaket i NGR.
Kommunen ynskjer at økonomisk bidrag frå NGR sin brukthandelomsetning i Lom blir gjeve til Lom idrettsråd til vidare fordeling.
Har du ting du vil bli kvitt?
Er dei salgbare og du vil gje dei til føremålet som er bestemet i formannskapsvedtaket, så kan du melde dei inn til NGR sin påtenkte netthandel.
Varen må ha ein salgsverdi på minimum kr 200,00. Etter frådrag av administrasjonsgebyr stipulert til 30% og fråtrekt meirverdiavgift på 20% går resten - 50% - av salgssummen til gode føremål i kommunen.

Meir informasjon finn du på www.ngr.no / brukthandel.

Kontakttelefon NGR: 480 38 444 / 61 24 21 00.
Tips ein ven Skriv ut