Leserettleiarar[1]_800x450

Ny kommunal språk- og leseplan

På planleggingdag for barneskulane den 14.august vart språk- og leseplanen presentert. Planen er eit verktøy for systematisk og målretta arbeid med språk- og leseopplæring og omfattar helsestasjon, barnehage, bibliotek og skule. Planen er forpliktande for for alle som arbeider med språkstimulering og leseopplæring i kommunen.

På bildet ser vi dei to leserettleiarane i barneskulen, Barbro Elisabeth Aas og Ingrid valdvik presentere planen for barneskulelærarane. Leserettleiar Magnhild Bjørgen er ikkje med på bildet, ho har hatt ansvar for ungdomsskuledelen av planen.

Bakgrunn

Utgangspunkt for planen er den store satsinga Lom har hatt på språk, lesing og læringsstartegiar dei siste åra. Naturleg nok er hovudvekta på skule, og det er dei tre leserettleiarane, Magnhild Bjørgen, Barbro Elisabeth Aas og Ingrid Valdvik, som har hatt hovudansvar for det meste av arbeidet.

Planen er utarbeidd med utgangspunkt i læreplanverket, bidrag frå kompetansemiljø og forsking, samt kunnskap og erfaringar i personalet.

Med si konkrete og oversiktelege utforming hausta planen stor begeistring blant lærarane.

 

Tips ein ven Skriv ut